Replika av Bleiediplomet frå 1293. Denne ligg i Lagmannsstova. Foto: Line B. Iversen/ Agatunet
LAGMANNSSTOVA
Det eldste rettslokalet i Noreg
Lagmannsstova er det eldste bevarte rettslokalet i Noreg. Stova er frå høgmellomalderen og datert til om lag 1220. Opphavleg var ho del av ein større bygningsmasse som inneheldt både bustad, administrasjons- og representasjonsrom. Gulatingslagmannen, riddaren og riksråden Sigurd Brynjulvsson åtte stova og garden Aga fram til han døydde i 1303. Herr Sigurd var ein mektig mann med tette band til kongemakta, og garden har difor ein sentral posisjon i norsk rettshistorie.
Lagmannen fekk stor makt
Noreg gjekk gjennom store endringar frå 1100-talet og utover 1200-talet. Det vaks fram ei statsmakt som i aukande grad bygde på sentralisert administrasjon og kunnskap, og ikkje berre våpenmakt. Under kong Sverre, som vart krona i 1177, går lagmannen frå å vera ombodsmann, organisator og talsmann til å verta kongeleg tenestemann. Lagmannen hadde inga omfattande juridisk makt før dei store endringane kom med Landslova i 1274. Han fekk då ei framskoten juridisk, sosial og politisk rolle. Lagmannen kunne no setja rett og avseia dom.
Delar av oppgåvene til bygdetinget kom under lagmannen, som handla på vegner av kongen. Dette gjorde truleg handhevinga av lova enklare. Bygdetinget fekk òg ein fastare struktur og klarare definerte oppgåver. Fleire lagmenn, mellom andre Herr Sigurd på Aga, vart også kongelege rådgjevarar. Lagmennene var i denne perioden ein del av aristokratiet og makteliten i landet. Dei vart heilt sentrale i bruken av og i handhevinga av Landslova.
Herr Sigurd
Herr Sigurd kan ha skaffa seg juridisk utdanning frå universitet på kontinentet. Han er fyrst nemnd som lagmann i 1285. I hans tid var det kring 16 lagmenn i Noreg, som nok hadde om lag 450.000 innbyggjarar. Dei hadde ei sentral rolle som kongen sine embetsmenn. Lagmennene måtte kjenna lova godt, slik at ho vart handheva rettvist. Som riddar og riksråd hadde Sigurd òg andre plikter, og var ein viktig bindelekk mellom folket og kongemakta.
Bleiediplomet – den eldste dokumenterte rettsavgjerda
26. mai 1293 vart det ført ei sak i Lagmannstova her på Aga. Avgjerda, kjent som Bleiediplomet, er godt teken vare på ved Universitetsbiblioteket i Bergen. Ein kopi finst i Lagmannsstova. Dette er den eldste dokumenterte, fullstendige domsavgjerda i Noreg, og det er eit tydeleg prov på bruk av rettslokale. Tidlegare reiste lagmannen årleg til tingstadane eller sette ting der det høvde. Framleis reiste han kring i lagdømet og vitja dei ulike bygdetinga, men han tok og mot folk som vil ha løyst tvistar, slik som her i Lagmannsstova.
Omvising
Lagmannsstova er tilgjengeleg for publikum, med omvisar. Agatunet har faste opningstider frå mai til september (sjå agatunet.no), og resten av året etter avtale.