Rettsløypa er ei reise i Hardanger og i delar av den rike rettshistoria me har her i distriktet. Truleg finst det ikkje tilsvarande område andre stader i landet - med så rik og variert rettshistorie som er  teken så godt vare på.

Tanken bak rettsløypa er å formidla historia som knyter seg til Hesthamar skrivargard. Ein embetsmannsgard og eit sete for sorenskrivaren i Hardanger og Voss.  

I tillegg til historia rundt Skrivargarden, har vi knytt saman dei ulike rettshistoriske stadane i nærområdet vårt. Dette er gjort for å visa samanhengen. Gjennom desse stadane vil me òg fortelja om utviklinga av rettsvesenet i Noreg frå 1200-talet og fram til moderne tid:

  • I Agatunet står Lagmannsstova, den eldste rettssalen i Noreg. Her er informasjon om korleis det fyrste landsdekkande lovverket - Landslova av 1274 - vart handheva.

  • På Utne er Tingstova. Stova er eit minne om den lange tingtradisjonen i landet, heilt frå vikingtida og fram til bruken av meddomarar i vår tid.

  • Steinkrossen på Hesthamar er reist til minne om gulatingslagmann, riksråd og riddar Sigurd Brynjulvsson. Sigurd hadde sete på storgarden Aga på den tida Landslova vart innførd, og han var ein mektig mann med tette band til kongemakta.

  • Hesthamar skrivargard er ein av dei eldste og mest staselege sorenskrivargardane i landet. Her kan du læra om sorenskrivarembetet og kva det hadde å seia for utviklinga av rettsvesenet fram til våre dagar.

Me vonar du får ein lærerik tur gjennom spanande historie og vakker natur. Du finn informasjonstavler på kvar stad.

I tillegg vil vi rå deg til å høyra på den framifrå podkasten om norsk rettskultur gjennom tusen år. Podkasten er ein samtale mellom Jørn Øyrehagen Sunde, professor ved Institutt for offentleg rett, ved UiO og Guttorm Rogdaberg frå Stiftinga Hesthamar skrivargard og Line B. Iversen frå Agatunet/Hardanger og Voss museum

Informasjon om opningstider finn du her:

Det vil etter kvart koma utfyllande tekstar om dei ulike stadane. I tillegg planlegg me eit formidlingsopplegg for born på Skrivargarden på Hesthamar.

Styret i Stiftinga Hesthamar skrivargard er ansvarleg for rettsløypeprosjektet, men arbeidet er gjennomført i tett samarbeid med Agatunet/Hardanger og Voss museum. I tillegg har professor Jørn Øyrehagen Sunde vore ein god støttespelar.

Prosjektet er finansiert gjennom stønad frå UKL (Utvalde kulturlandskap i jordbruket), Sparebankstiftinga Hardanger, Hardanger Historielag og Stiftelsen Agatunet.