STEINKROSSEN PÅ HESTHAMAR

Steinkrossen slik han vart teikna i 1626 av Jonas Skonvig. Foto: Jakob Alvsåker

Ved å fylgja stien frå rasteplassen på Hesthamar, kjem du ned til ein gamal steinkross. Krossen er eit freda kulturminne, som er datert til mellomalderen.

Bakgrunn for steinkrossen
Steinkrossen, som òg har hatt funksjon som seglingsmerke langs leia i fjorden, er reist til minne om gulatingslagmannen, riksråden og riddaren Sigurd Brynjulvsson Aga. Hausten 1303 vart han funnen død i fjøra her på Hesthamar. Me veit ikkje kva lagnad Herr Sigurd leid. Han kan ha drukna etter eit forlis på Samlafjorden, og drive i land her som Samlafjorden og Sørfjorden møtest. Segna seier at han vart funnen utan hovud, noko som i tilfelle tyder på at han ikkje drukna. Dette finst det ikkje prov for.

Krossen vart teikna i 1626
Me veit ikkje sikkert kva tid krossen vart reist, men i 1626 vart han registrert og teikna av Jonas Skonvig. Skonvig var ein presteson frå Skånevik som denne sommaren reiste rundt i Bergen stift for å registrera fortidsminne. Oppdraget fekk han frå medisinprofessor Ole Worm. Worm var ein engasjert forskar av fortidsminne som på eige initiativ samla gamle gjenstandar og registrerte fortidsminne – serleg runesteinar og -inskripsjonar.

Malteserkross manglar i dag
På krossen som Skonvig teikna, var det øvst ein malteserkross i kleberstein. Malteserkrossen gjekk tapt på 1800-talet – ein ungdom skal ha klatra på krossen og kome i skade for å bryta av den øvste delen. Seinare vart det festa, med jarn, ei smal tversgåande helle. Den høgreiste basesteinen, på 4,5 meter, er truleg den opphavlege. Sannsynlegvis vart steinkrossen reist ikkje lenge etter at Sigurd døydde. Malteserkrossen var eit vanleg kjenneteikn for kristne riddarar i mellomalderen.

Gravsteinen vart berga
Herr Sigurd Brynjulvsson Aga vart gravlagd hjå cisterciensarmunkane i Opedal, ved Lofthus. Den store munkegarden hadde eit kapell, og Sigurd fekk ein imponerande gravstein i marmor. Steinen viser han i full riddarrusting i europeisk tradisjon. På steinen står dødsdagen. Sigurd sin gravstein er av dei flottaste me kjennar frå norsk mellomalder. Etter at reformasjonen vart innførd i landet i 1536, vart munkane fordrivne frå Opedal. Den flotte gravsteinen til stormannen frå Aga, vart flytt, og nytta som dørhelle til Ullensvang kyrkje på Lofthus. Etter mange generasjonar vart etter kvart inskripsjonane på den blaute marmorsteinen, slitne vekk. Jonas Skonvig kom òg til Lofthus i 1626, og då var inskripsjonane framleis synlege. Skonvig forstod at steinen var viktig, og teikna han av. I dag står steinen, saman med andre mellomaldergravsteinar, ved kyrkja på Lofthus. Ein kopi med full inskripsjon finst i Agatunet, storgarden Sigurd var herre på. På Aga står framleis Lagmannsstova frå om lag 1220, som er det eldste bevarte rettslokalet i Noreg.

Drukning eller drap?
Om Sigurd sin bortgang vert me kanskje aldri klokare? Mangla denne mektige mannen, som heilt sikkert hadde fiendar, faktisk hovudet då han rak i land her på Hesthamar? Det me veit, er at det var urolege tider i landet då Sigurd døydde. Sigurd var del av rådet til kong Eirik 2. Magnusson. Eirik vart konge før han vart myndig, og fekk difor eit formynderstyre. Dei skal ha hatt sterk innverknad gjennom heile regjeringstida hans, frå 1280 og til han døydde berre 30 år gamal i 1299. Bror hans Håkon 5. arva trona. Det er kjent at Håkon hadde eit dårleg forhold til fleire av Eirik sine fortrulege menn – mellom anna fekk han baron Audun Hugleiksson hengd i Bergen 2. desember 1302. Om det var dei kalde maktpolitiske vindane i riket, eller stormvindane på Samlafjorden som gjorde ende på Sigurd, det får me truleg aldri veta.