Praktisk informasjon

Hesthamar skrivargard ligg langs Nasjonal Turistveg Hardanger på Hesthamar i Ullensvang kommune.

Utleige og bruk av huset

Det er mogleg å leiga Skrivarhuset til møte, andre arrangement eller omvising.  For nærare informasjon, ta kontakt med post.stiftinga@hesthamar-skrivargard.no eller post.venelaget@hesthamar-skrivargard.no

Stiftinga har avtale med Jon Aga Catering om bruk av huset. Dersom du/de ynskjer ein «pakke» med mat, sidersmaking, konsert eller liknande, ta kontakt med Jon Aga Catering post@agabistro.com

Opningstider

Skrivargarden er open for omvising og kafé kvar sundag i perioden 30. juni - 4. august frå kl. 12.00-16.00. (Det er omvising kvar heile time fram til kl. 15.00.)

For omvising etter avtale utanom opningstidene, ta kontakt med post.stiftinga@hesthamar-skrivargard.no  eller post.venelag@hesthamar-skrivargard.no

Prisar omvisning:

Vaksne: kr 50
Born: gratis

Parkering og bruk av hagen rundt huset:

Det er nokre parkeringsplassar ved Skrivargarden, men me vil oppmoda alle om å parkera på rasteplassen – Steinkrossen – om lag 300 meter frå Skrivargarden (når du kjem frå Utne).  

Ta omsyn til naboane. All bruk av uteområdet må avtalast med styret for Stiftinga Hesthamar skrivargard. Kaien ved naustet er privat eige og skal ikkje nyttast av gjester på Skrivargarden.

Reiserute med bil

Bergen – Hesthamar (via Kvandal-Utne) – 123 km, 2 timar og 36 min

Bergen – Hesthamar (via Tørvikbygd-Jondal) – 124 km, 2 timar og 37 min

Odda – Hesthamar – 49 km, 56 min.

Rosendal – Hesthamar (via Folgefonntunellen) – 89 km, 1 time 39 min.

Rosendal – Hesthamar (via Jondal) – 85 km, 1 time 38 min.

Sykkelrute

Sjå informasjon om sykkelruta langs fv. 550 som går forbi Skrivargarden på Hesthamar hjå Visit Hardangerfjord:

Nasjonal turistveg Hardanger Utne-Herand

Informasjon om dagleg båtrute som går innom Utne:

Hardangerfjord sightseeing

Overnatting i Ullensvang:

hardangerfjord.com/ullensvang/overnatting

For overnatting i nærområdet til Skrivargarden: