Program for 2025
Sjå lenkjene under for programmet for 2025 samt billettar.
Programmet vert utarbeidd i samarbeid mellom: Stiftinga Hesthamar skrivargard og Skrivarens Venelag.
Jostein Bakke er oppvaksen i Jondal, og han er tilsett som professor ved Institutt for geovitskap og ved Bjerknessenteret for klimaforsking - Universitetet i Bergen.
Forfattaren Agnes Lovise Matre i samtale med journalist Kari Hesthamar.
Dei som opplevde krigsåra vert færre og færre, men forteljingane lever vidare.
Denne kvelden vil Johannes Sekse m.a. presentera utdrag frå boka “Indre Hardanger 1940-1945”. og han vil ha ein samtale med Sondof Rabbe frå Røldal.
Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé.
Restaureringsarbeidet i 2. høgda er ferdig og me feirar!
Fortidsminneforeininga i Hordaland kjem og for å avduke ei utmerking.
Foreningen for By og Bygd speler småskeiv country på nynorsk. Dei synest teksten er halve poenget og songane handlar ofte om å verta dumpa, eller om å køyra bil rundt på Vestlandet. Bandet har masse erfaring med begge delar.
Denne kvelden på Hesthamar!
2. august kjem Finn Tokvam tilbake til Skrivargarden, denne gong med showet sitt «Velkomen».
Den varme og folkekjære artisten stiller med nye og gamle historier som han presenterer på sitt heilt særeigne vis.
Showet går no på Ole Bull scene i Bergen for fulle hus. I august kan du oppleva han på Hesthamar.
MEDVERKANDE
Ariane Jebsen Alvestad - fiolin Svante Henryson - cello Andreas Bratlie – perkusjon
Møt Fiolinist Ariane Jebsen Alvestad, cellist Svante Henryson og perkusjonist Andreas Bratlie let barokken på Skrivargarden.
John Ragnar Myking er professor emeritus ved Høgskulen på Vestlandet og har mellom anna skrive om tidsrommet 1550 – 1750 i regionhistoria for Hardanger.
Møt forfattaren og journalisten Hallgeir Opedal på Skrivargarden. Med seg har har han den nye boka “Nabovarsel”. Kanskje du får svar på kvifor svenskane er så svenske?
Velkomen til ei førjulsstund på Skrivargarden med musikk, mat og stemning!