Tilbake til alle arrangementer

Mørke under idyllisk overflate

Mørke under idyllisk overflate

Agnes Lovise Matre (1966) plasserer ofte mørke gjerningar i vakre landskap. I kriminalbøkene har ho valt seg Hardanger, der ho budde dei åtte første åra av livet sitt. Faren var lærar på skulen på Vines, der familien også budde, fram til katastrofen ramma dei. I samtale med journalist Kari Hesthamar vil Agnes snakka om korleis ho arbeider fram forteljingane sine, kva rolle fjorden, fjella og folka her har, både i litteraturen og i livet.

Agnes har sidan debuten i 2012 gitt ut åtte romanar, og har over tretti års fartstid som lærar i ungdomsskulen.

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé.

Billettar: https://tikkio.com/tickets/54871-morke-under-idyllisk-overflate

Forrige
Forrige
16. mars

Folgefonna smeltar - kva vert konsekvensane?

Neste
Neste
25. mai

80 år sidan freden “braut laus”