Tilbake til alle arrangementer

80 år sidan freden “braut laus”

80 år sidan freden “braut laus”

April 1940 - april/mai 1945 - krigsåra har sett sine spor på mange vis.
Dei som opplevde krigsåra vert færre og færre, men forteljingane lever vidare.
Mange forteljingar er presenterte i boka «Indre Hardanger 1940 - 1945», forfatta/redigert av Asbjørn Andersen, Sondov S. Rabbe og Johannes H. Sekse. Denne kvelden vil Johannes m.a. presentera utdrag frå boka, og han vil ha ein samtale med Sondof Rabbe frå Røldal.
Johannes og Sondof er fødde fire år etter at krigen tok slutt, og dei vil samtala ut frå kunnskap om krigen og overleveringar frå foreldregenerasjonen.
Her er det mange tema å reflektera over.

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé.

Billettar: https://tikkio.com/tickets/54872-80-ar-sidan-freden-braut-laus

Forrige
Forrige
27. april

Mørke under idyllisk overflate

Neste
Neste
28. juni

Velkomen til ope hus i Skrivargarden og avduking av “blått skilt”!