Tilbake til alle arrangementer

Fortida er ei framand verd - om ære og tenkjemåte i tidleg moderne tid

Fortida er ei framand verd – om ære og tenkjemåte i tidleg moderne tid.

John Ragnar Myking er professor emeritus ved Høgskulen på Vestlandet og har mellom anna skrive om tidsrommet 1550 – 1750 i regionhistoria for Hardanger.

Med utgangspunkt i ei, for oss, merkverdig rettssak frå  Hardanger i 1670-åra vil Myking diskutera æresomgrepet i det gamle samfunnet og det mentale universet som hardingar og andre nordmenn levde innanfor på 1600 – og 1700 – talet. Dette var ei tid der æra var avgjerande for om folk kunne reknast som pålitelege og truverdige medlemer av bygdesamfunna dei levde i. Men også usynlege krefter påverka livet deira. Folk levde innanfor eit magisk – religiøst univers, der både overnaturlege krefter og livet etter døden var handfaste realitetar. Magi kunne både lækja og skada. Og skulle ein sikra det neste livet, måtte ein vandra på den smale stien som den protestantiske kyrkja meisla ut for dei.

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé.

Billettar: https://tikkio.com/tickets/54882-fortida-er-ei-framand-verd-om-aere-og-tenkjemate-i-tidleg-moderne-tid

Forrige
Forrige
31. august

Frå Bach til i dag, i regi av Hardanger Musikkfest

Neste
Neste
9. november

Omvegar fører også heim