Tingstova og gjestgjevargarden, seinare Utne hotel, frå før 1890. Foto: Hardanger og Voss Museum
TINGSTAD PÅ UTNE
Tingstova
Tingstova på Utne vart truleg sett opp kring 1730, men det var tingstad på Utne lenge før dette. Utne er eit naturleg geografisk midtpunkt i Indre Hardanger. Tinget på Utne seiest å ha strekt seg frå Røldal og til delar av Kvam på det meste. Utne var elles gjestgjevarstad frå 1722, noko som òg gjorde Utne til eit knutepunkt.
I tidleg mellomalder vart bygdetinget oftast halde på eigna plassar utandørs. Etter kvart vart det meir vanleg å møtast i hus med plass til større forsamlingar, som i lensmannen si stove eller i ein gjestgjevarstad. Nokre plassar vart det reist eigne forsamlingshus, slik som tingstova på Utne.
Alle som åtte jord møtte på bygdetinget
Det er vanskeleg å fastsetja alder på bygdetinget, men det kan i alle høve førast attende til vikingtida. Tinget vart til vanleg samla tre til fire gonger i året. I tillegg vart det kalla til ting dersom det var hastesaker som måtte avgjerast, til dømes grove brotsverk, som drap. Alle som åtte jord hadde plikt til å møta. Det var helst menn som møtte. Åtte kvinner jord, så skulle dei òg møta, og dei vart høyrde på lik linje med menn.
Kva skjedde på tingstaden?
Tinget hadde til oppgåve å døma i saker som gjaldt lokale tvistar, lovbrot og i andre konfliktar. Dette var ikkje den einaste funksjonen til tinget. Det var òg her ein krevde inn skattar og avgifter, og kunne stilla spørsmål og krav til den sentrale styringsmakta. Dessutan var tinget staden der bygdefolk gjorde handel og avtalar. Tinget var ein viktig samlingsstad som styrka sosiale nettverk.
Landslova frå 1274
Magnus Lagabøte si landslov frå 1274 var den fyrste lovsamlinga som gjaldt for heile landet. I denne lova kan me sjå ei klargjering av bygdetinget si rolle og samansetjing. Tinget vart no både kongemakta sitt organ for styring i Bygde-Noreg, og eit organ for sjølvstyre i bygdene.
Frå 1590 nasjonalt rettsvesen
Ved kongeleg påbod av 1590, vart tinget gjort til fyrste instans i eit meir omfattande rettsvesen. Den administrative oppgåva på tinget vart dermed større. Året etter vart det fastsett at bygdetinget skulle få ein skrivar som både stod for det skriftlege arbeidet, og skulle hjelpa til med å lesa og å tolka lovene.
Sorenskrivar
Frå 1634 fekk skrivaren, som vart kalla sorenskrivar, rolla som formann i retten og som domar. Sorenskrivaren for Hardanger og Voss hadde sete på Hesthamar, om lag 4,5 km frå Utne mot Jondal. Tradisjonen med bygdeting vart likevel teken vare på ved bruk av meddomarar i alle viktige saker. Etter Christian V si norske lov av 1687 sat sorenskrivaren saman med åtte lokale bønder som var meddomsmenn. Bruken av meddomarar, utan krav til juridisk utdanning, er framleis praksis i rettssystemet vårt.
I dag
Utne hotel eig i dag Tingstova. Stova vert brukt til overnatting og møte, og er difor ikkje tilgjengeleg for publikum.
TINGVIKJE
Tingvikje på Utne (sjå kart) er sagt å vera ein rettarstad.
Rettarstad
Ein rettarstad vart brukt for å ta livet av personar som var dømde for grove lovbrot. Det var stort sett i drapssaker det stundom kunne vera aktuelt med dødsstraff. Lokal overlevering fortel om ei avretting i Tingvikje på 1700-talet. Ei kvinne vart dømt for å ha teke livet av fire av dei fem borna sine. I tillegg vart ho dømt, saman med ein mann, for å ha teke livet av kona hans. Dei vart båe dømde til halshogging, og hovuda vart etterpå sette på staurar til skrekk og åtvaring.
I dag
Det er i dag ingen spor etter rettarstaden. Universitetet i Bergen, som eig Tingvikje, har feriehus for tilsette der. Tingvikje er tilgjengeleg ved å gå gjennom tunet, som høyrer til Hardanger folkemuseum.