Johan Sechmann Fleischer. Sorenskrivar i Hardanger og Voss frå 1733 - 1775. Foto: Hardanger og Voss Museum
OM SORENSKRIVAEMBETET
Hesthamar skrivargard er ein av dei eldste sorenskrivargardane i Noreg. Garden har vore sete for sorenskrivaren i Hardanger. Embetsområdet omfatta også Voss frå kring 1690. Med nokre opphald budde sorenskrivaren på Hesthamar frå 1637-1848.
Svoren skrivar i 1591
Ordet sorenskrivar kjem av “(eid-)svoren skrivar”, og er tittel på eit embete som vart oppretta ved kongeleg påbod i 1591. Opprettinga av embetet var ein konsekvens av at bygdetinget no hadde vorte fyrste instans i rettsapparatet. Bygdetinget trong difor ein mann som både var rådgjevar og skrivar.
Skrivaren sine oppgåver var ikkje klart fastlagde den fyrste tida, noko som forklarer kvifor tinga brukte stillinga ulikt. I starten hadde sorenskrivaren heller inga domsmakt. Etter kvart vart han meddomar og seinare både hovuddomar og einedomar i mange saker.
Fleire oppgåver frå 1634, og bygdefolket måtte ta kostnaden
I samband med at arbeidsfeltet til sorenskrivaren vart utvida i 1634, vart det òg innført ei ordning der sorenskrivaren anten skulle ha ein embetsgard kosta av bøndene i tingområdet eller at dei skulle svara ein årleg skrivartoll. Bygdefolket i Hardanger gjekk då saman om å kjøpa garden på Hesthamar for å sleppa unna den nye avgifta. Garden vart kjøpt i 1637 og vart dermed ein av dei aller fyrste skrivargardane i landet. Bøndene fekk likevel ein skrivartoll. Dette førte til ein langvarig strid mellom bøndene i området og kongemakta.
Embetet vart forsterka med Christian V. si lov av 1687, der sorenskrivaren no vart einedomar i dei fleste saker. Saker som handla om eigedom og kroppsstraff, vart framleis avgjord i bygdetinget.
Fyrst i 1736 vart det krav om juridisk utdanning
I byrjinga var det ingen andre krav enn å vera lese- og skrivekunnig for å verta tilsett som sorenskrivar. Dei fleste sorenskrivarane hadde hatt kontorstillingar i administrasjon eller vore tenarar for adelsmenn. I 1736 vart dette endra – det kom krav om at sorenskrivaren måtte ha juridisk universitetsutdanning. Med juridisk utdanning fekk sorenskrivarane meir autoritet, og ein høgare posisjon i samfunnet. Sorenskrivar Johan Sechman Fleischer vart tilsett i 1733, og var den fyrste skrivaren i Hardanger og Voss, og ein av dei fyrste i Noreg, med juridisk eksamen.
Meddomarar er eit kjenneteikn ved rettsvesenet i Noreg
Sorenskrivaren hadde framleis lokale bønder som meddomarar i mange saker. Dette innebar at sorenskrivaren kunne koma i mindretal i saker som var oppe for retten. Etter at konfirmasjonsordninga vart innført i 1726, og skuleplikta i 1739, vart fleire bønder lesekunnige og fekk betre grunnlag til å ta sjølvstendige standpunkt i retten.
På 1800-talet var det i ein periode færre meddomarar, og bøndene fekk mindre innverknad på rettsprosessen. I 1887 vart det innført jury i straffesaker, og frå 1915 meddomsmenn i alle sivile saker. Dette skjedde med eit klart ynskje om å fylgja prinsippa frå tingtradisjonen i mellomalderen.
Noreg er framleis det landet i Europa som gjer mest bruk av meddomsmenn ved domstolane. Dette er nok ei viktig årsak til at norske domstolar er mellom dei som nyt størst tillit i verda.