Tilbake til alle arrangementer

Fyrverkeriet Arild Haaland - Kari Hesthamar i samtale med Anders Haaland

Fyrverkeriet Arild Haaland

- Når gamle bygningsperler forfaller, oppstår det tomrom. Jeg fyller dem, sa bergensfilosofen Arild Haaland ein gong til NRK. Han spurde sjeldan om lov før han gjekk igang med restaureringsprosjekta sine. – Jeg går bare rett på sak. Det blir for mye sommel hvis man først skal avklare med kommunene rundt omkring.

Utan interesse av å få eigedomsrett, gjorde Arild Haaland (1919-2012) det til ei livsoppgåve å pusse opp gamle hus. Arild kom til skrivargarden på Hesthamar saman med Torunn Ystaas i 1973. Den gongen var det ein gong så staselege huset nedsarva med gjenspikra vindauger, men Arild og Torunn starta ein redningsoperasjon der dei førte huset tilbake til fordums prakt og fylte det med liv igjen.

Arild Haaland bidrog til meir enn 60 bøker om kunst, religion, politikk og filosofi og har blitt kalt både ein moderne Sokrates og ein «verbal Vøringsfoss». Han hevda at det å snekra på gamle hus, gjorde han til ein betre filosof. «Man må handle som en tankens mann, og tenke som en handlingens mann», var eit råd han gjerne fulgte.

Kven var denne mannen, som kom til skrivargarden på Hesthamar i 1973? Og kva var det som trekte han dit så lenge han levde?

Nabo og journalist Kari Hesthamar i samtale med Arild sin son, Anders Haaland.

Trykk på lenkja for bestilling av billettar:

https://tikkio.com/tickets/40487-fyrverkeriet-arild-haaland

Arild Haaland framfor skrivargarden
Forrige
Forrige
18. august

Summetonar

Neste
Neste
16. september

Omvising og kafé med kaffi/vafler