Tilbake til alle arrangementer

Kvardag og rettssaker på Hesthamar på 1700-talet

Kvardag og rettssaker på Hesthamar på 1700-talet 

v/Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo.

På 1700-talet endra Noreg seg radikalt, og grunnlaget for det moderne samfunnet vart lagt. I løpet av hundreåret lærte dei fleste å lesa og skriva, det vart utvikla institusjonar for å ta seg av dei svakaste i samfunnet, det utvikla seg eit ukorrupt byråkrati med person- og eigedomsregister som gjorde sentralstyring effektiv, for å nemna noko. Det som ikkje endra seg, var ordninga med tinget som kjernen i rettssystemet. Her sat sorenskrivaren saman med åtte gode menn bak dommarbordet, og høyrde og dømte i saker om alt frå nabokranglar til barnedrap. Dei måtte ut og gå opp grenser i terrenget, og dei måtte granska lister med gift selt av apotekaren i Bergen ved mistenkjeleg dødsfall. På tinget kunne alle møte for å sjå og høyra, så sant det var plass i rettslokalet. På sorenskrivargarden på Hesthamar kunne ein difor oppleva alt frå komedie til tragedie på 1700-talet.

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafe.

Det vert ikkje høve til omvisning denne dagen grunna resteurering av 2. etasje.

Billettar: https://tikkio.com/tickets/44293-kvardag-og-rettssaker-pa-hesthamar-pa-1700-talet

Forrige
Forrige
10. november

Konsert Jan Fadnes Trio

Neste
Neste
7. april

Hardangerforfattaren Gro Holm - ei av fire store