Førjulsstemning i Skrivarhuset
Denne kvelden vert det pianokonsert ved Edyta K. Bryk. Etter konserten vert det mat og sosialt samvær i julepynta stover.
Edyta Kinga Bryk vart uteksaminert frå University of South Florida, med ein mastergrad i fiolinutøving, og frå Frederic Chopin Musikk Universitet i Warszawa med ein mastergrad i instrumental pedagogikk, med fordjuping i fiolin. Ho har også studert kyrkjeorgel/liturgisk musikk hos NLA i Oslo. Ho har over 20 års undervisningserfaring og omfattande erfaring som orkestermusikar.
I 2010 flytta ho til Noreg og er busett på Utne. Edyta er medlem av Orkesteret Fossegrimen på Voss, og ho har også vore innleigd av Opera Bergen. For tida arbeider ho som fiolin- og pianolærar ved Kvam Kulturskule, Voss kulturskule og som organist i Granvin og Ulvik.