Tilbake til alle arrangementer
Historisk vandring og konsert på Hesthamar - ein riddar, tapt kjærleik og arsenikkmord
Vandringa startar ved Steinkrossen. Her får me høyra om lagnaden til den hovudlause riddaren Sigurd og om den uvanlege minnekrossen. Vidare går turen til Minde – ein historisk stad på bruk 3. Namnet har bakgrunn i ei trist og rørande historie som knyter seg til Skrivargarden og ein av domarfullmektigane som arbeidde der. Derifrå tek me turen oppom Bakkjen, ein tidlegare husmannsplass. På denne staden får me høyra om ei straffesak.
Kvelden vert avslutta på Skrivargarden - med mat og konsert med den kjende felespelaren Alexander Aga Røynstrand frå Granvin.
Programmet er ved Guttorm Rogdaberg og Tor Hesthamar, eigar av bruk 3.
Billettar: